Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Mi tilnærming er at min lokale kyrkjelyd er BCC, men også at eg vaks opp i ein kristen heim, og ofte var med bestemora mi på gudstenester i statskyrkja og på møte med ulike omreisande forkynnarar på bedehuset. Bestemor var leiar i den lokale foreininga av Det Norske Misjonsselskap, og før jul gjekk eg år om anna på dørene i bygda og selde julehefte og kalendrar for misjonsselskapet.
Eg har lyst å vere personleg, det er ein grunn til at eg eg ikkje lenger er med i trussamfunnet eg vart barnedøypt og vaks opp i. Eg sat mange gonger på trebenken i kyrkja og høyrde kyrkjebøna, slik eg hugsar ho: "Gjev di kristne kyrkje på jorda gode og trugne tenarar som både lærer vel og lever vel." Dette var ord som appellerte til meg, og dette har eg opplevd i BCC. Der såg eg eit liv i pakt med bibelens ord, og dess tettare på, dess meir overtydd blei eg om at slik kan ikkje folk leve i eiga kraft. Men slik levde dei i Guds kraft.
Det er altså ikkje taler eg har høyrt, men eit liv eg har sett på kloss hald, korleis Gud omskaper menneske som trur på Jesus Kristus. Det er ikkje så langt frå Våle til Brunstad, og sagt med apostelen Jakob: "om Gud vil, så blir vi i live og vil ...." Kanskje du kan komme nedom og ta ein kopp kaffi og ein prat og ein kikk på anlegget?
LES OGSÅ: Skuffet over BCC
Helt åpent rekneskap
Men no til innlegget ditt, du skriv: "For sjølvsagt er det eit kjempeproblem at ein organisasjon som i stor grad driv verksemd på innsamla gåver, ikkje har ein 100 prosent transparent rekneskap."
Men der tek du feil, for BCC har ein 100 prosent transparent rekneskap, revidert av PwC, han ligg til overmål ute på bcc.no, fritt tilgjengeleg for kven som vil lese og kan forstå rekneskap, og slik har det vore i mange år. Så når det gjeld transparent økonomi er nok BCC på høgde med kven som helst misjonsorganisasjon, sjølv om NRK Brennpunkt i noko grad har lukkast i å skape eit anna inntrykk.
Vidare skriv du: "Vi har fleire store misjonsselskap i Noreg, med hovudkontor i Noreg og som driv verksemd i mange andre land. Alle har heilt gjennomsiktlege reknskaper, revidert av ordentlige revisorar og lagt fram på årsmøta i organisasjonane. Og ingen av dei har stråselskap og kontoar på Cayman Island."
Meiner du då at PwC ikkje er eit fullgodt revisorselskap? Tvilar du på at BCC legg fram rekneskapa og årsrapportane sine for årsmøta både lokalt og sentralt, så kan eg fortelje at det gjer dei. Eller meiner du at det er umoralsk å bruke banktenester i andre land når ein forvaltar pengar innsamla i andre land som skal brukast i andre land?
LES OGSÅ: Hvorfor er det så vanskelig for en avis fra lille Vestfold å forstå BCC?
Du skriv også: "Det kan sjå ut som at det det er ein kursendring på gang. Med det faktum at leiinga i BCC stort sett er uendra og med dagens kronikk frå Hustad Nilsen, ser det ikkje lovande ut. --- Og det styrker dessverre den noko konspiratoriske teorien om at det er meir kommersielle omsyn enn åndelege omsyn som ligg bak tilnærminga til Noregs kristne råd."
Her trefte du spikaren då du nemnde "den noko konspiratoriske teorien", men du trefte skeivt. Korfor nokon skulle søkje medlemsskap i Noregs kristne råd av kommersielle omsyn er ei gåte. Er det av kommersielle årsaker dei andre trussamfunna er med der?
LES OGSÅ: Til deg som lever i en lukket menighet
Ikkje usunne tilstandar
Og vidare: "Eg håper fortsatt på at endringane vil bli reelle, og at eg og andre konspirasjonsteoretikarar tek feil. I mellomtida vil eg heie på Tønsbergs Blad som ikkje let dei usunne økonomiske tilhøva i BCC gå i gløymeboka. Leiinga i BCC må ta denne kritikken til følge og endre policyen. Det skuldar dei mest av alt tusenvis av trufaste gjevarar og dugnadsarbeiderar i eigne rekker."
Som ein av desse trufast gjevarane og dugnadsarbeidarane kan eg melde frå innsida at du og andre konspirasjonsteoretikarar, blant anna i redaksjonane i TB og NRK Brennpunkt, tek feil. Dei økonomiske tilhøva i BCC er ikkje usunne, nettopp fordi leiinga i BCC alt i mange år har vore klar over at alt må gå rett for seg, og at denne rettferda må kunne dokumenterast. Derfor er alt av innsamla midlar i inn- og utland gjort greie for, og dokumentert. Revidert av PwC, granska og frifunne av Økokrim.
LES OGSÅ: Mener Brunstad har spilt kortene sine dårlig: – Pokerforbundet slutter å bruke stedet
Du avrundar med denne kraftsatsen: "Eg forstår at det enno ikkje er ein kultur kultur i BCC der medlemmene krev fullt innsyn, men BCC gjer lurt i å kome slike krav i forkjøpet. Så Tønsbergs Blad: Hald fram med å skrive kritisk - og spar heller ikkje oss kristelege - for all erfaring viser at vi er truande til litt av kvart."
Til dette er å melde at BCC gjorde lurt i å komme desse krava i forkjøpet for mange år sidan, derfor treng vi ikkje å krevje innsyn, for det har vi fått fullt ut i mange år alt. Så TB må gjerne skrive kritisk for min del, men det bør vere hald i det dei skriv, ikkje lause konspirasjonsteoriar. Det same gjeld lesarinnlegg.