Minneord
Då er ikkje døden for tung å bera
Når man har kjend den inderlege
straumen av varme
Som aldri tok slutt
men kom igjen og igjen
Som år etter år
- utan svik
- utan forbehold
- utan unntak
hjalp oss å leve så godt vi kunne
hjalp oss å finne meining og veg
hjalp oss å finne innhald og glede
Når man har kjend ei ubrutt omsorg
og trygghet
over å få leva nær
å få leva med
ei dirrande kraft av kjærleik
Når man får sjå nytt liv komma til
i rommet mellom folk
som er glade i kvarandre
Då er ikkje døden umogeleg å bæra
då er den ikkje meiningslaus
for den er fylt
med minne
med latter
med varme
og når den siste turen skal vandras
den siste kneika skal beseiras
det siste elveleiet skal kryssast
bærer døden med seg heile liv
- våre liv
liv fylt av innhold,
meining og retning
liv fylt av takksemd
Slik var din veg og slik blei di vandring
Og slik vil du alltid bli hugsa
Takk for all varmende omtanke og vennlig deltakelse ved vår mors bortgang.
Geir, Ove og Sonja Mellingen