Kjemp for den norske arbeidslivsmodellen

Av

Å vere organisert handlar for meg om solidaritet, det å stå saman som samfunn for eit anstendig lønsnivå og trygge arbeidsvilkår. EØS-avtala gjer det vanskelegare for Norge å føre ein god arbeidslivspolitikk.

DEL

MeningerFNs internasjonale arbeidsorganisasjon (ILO) og organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) har utarbeidd ein felles rapport, der det er to hovudbodskap:

  • økonomisk ulikskap spreier seg nå så raskt i dei fleste land at dei gruppene som blir hengande etter, blir fanga av ein sosial naud det er vanskeleg å kvitte seg med.
  • viktigaste mottiltaket mot aukande økonomisk ulikskap er at fleire organiserer seg og blir omfatta av tariffavtaler. Fagorganisering og tariffavtaler sikrar eit seriøst arbeidsliv og vekst for næringslivet

Fagforeningar og tariffavtaler som dekkjer heile bransjer, held inntektsforskjellane i samfunnet nede. Og ikkje bare det, tariffavtaler og fagforeningar dempar også lønningane til dei meiningslaust rike. Frå OECD er dette nye tonar, der dei i realiteten tek eit oppgjer med den nyliberale krisepolitikken EU-systemet tvang gjennom etter finanskrisa i 2008.

EØS-avtala har utvikla seg til eit effektivt verktøy for sosial dumping. I dag endar stadig fleire opp i jobbar, som knyter dei laust til arbeidslivet, og seriøse bedrifter blir utkonkurrert. Derfor er det håpefullt at sentrale tilllitsvalde i Fellesforbundet, som tidlegare forsvara EØS- avtala, nå meiner at ulempene for arbeidslivet veg tyngre enn fordelane:

«Norge har verdens høyeste produktivitet. Samtidig er den norske arbeidslivsmodellen særegen. Særlig to forhold ved den norske arbeidslivsmodellen kan forklare Norges høye produktivitetsnivå. Den bidrar til en høy grad av tillit på både virksomhets- og samfunnsnivå. Den gir også svært små lønnsforskjeller, som bidrar til investeringer i kapital, teknologi og kompetanse – både i arbeidslivet og i utdanningssektoren. Teknologi, innvandring og mer midlertidighet kan utfordre modellen framover». (Samfunnsøkonomisk analyse Rapport nr. 37-2016, Kunnskapsdepartementet). 

Den norske arbeidslivsmodellen er verdt å kjempe for. SV har fremma forslag i Stortinget om ei ny utgreiing om EØS-alternativ.

Det er summen av negative konsekvensar for arbeidslivet, som nå gjer at EØS-debatten kjem inn i eit anna spor. Ap må gjerne skulde på regjeringa for det som skjer, men da må vi også forventa at dei vil debattere realitetane i avtala. Kanskje det politiske fleirtalet også kan innsjå at det finst alternativ til den 25 år gamle EØS-avtala. Der det er vilje, er det veg.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags