Ungdommar, fylkeskommunen er involvert i mykje av liva dykkar! 

KUNNSKAP: Da eg var 17 år, visste eg ikkje kor mykje fylkeskommunen faktisk var involvert i livet mitt, skriv fylkesordførar i Telemark, Sven Tore Løkslid.

KUNNSKAP: Da eg var 17 år, visste eg ikkje kor mykje fylkeskommunen faktisk var involvert i livet mitt, skriv fylkesordførar i Telemark, Sven Tore Løkslid. Foto:

Av

Fylkeskommunen. Kva er det eigentleg? Og, kva gjer ein fylkeskommune?

DEL

MeningerDå eg var 17 år visste eg lite om kva fylkeskommunen gjer. Lite visste eg då at eg ein dag skulle bli sjef for denne dyktige organisasjonen eg ikkje ana så mykje om.

Eg visste ikkje kor mykje fylkeskommunen faktisk var involvert i livet mitt. Du som er ungdom i dag – er du klar over det? Du tenkjar kanskje; kvifor må eg vite noko om fylkeskommunen i det heile tatt? La meg vise deg.

Vi kan ta meg som eksempel. Se for deg meg på 17 år. Litt keitete, men ein ganske glad fyr. Eg budde i Hjartdal og gjekk på vidaregåande skule på Notodden. Og, cirka sånn her såg ein vanleg dag i livet mitt ut:

Ein heilt vanleg dag  

Startar dagen med å springe ned til europavegen om morgonen for akkurat å rekke bussen til skulen. No støyter eg på fylkeskommunen for fyrste gong i løpet av dagen. For, det er fylkeskommunen som sørgjer for at det går bussar i Telemark, og på skulevegen min.  

I det eg går av bussen blir eg og møtt av fylkeskommunen. Det er fylkeskommunen som driv dei vidaregåande skulane. Og det er fylkespolitikarane som bestemmer kva studieprogram og skuler eg kan velje mellom.

I fritimen denne skuledagen stikk eg innom tannlegen for å sjekke tennene. Kven trur du er sjefen til tannlegen? Det er fylkeskommunen, det. Det er dei som sørgjer for at eg kan gå gratis til tannlegen heilt til eg blir 18 år.

Så spelar eg litt piano, dog på lågt nivå. Men, etter skuledagen drar eg rett på bandøving. Bandet skal vere med på ungdommen kulturmønstring om nokre veker. Kommunen har ansvar for det meste av kulturtilbodet du får som barn, men fylkeskommunen er med og ordnar det slik at eg og bandet mitt kan konkurrere mot andre unge musikarar. Og eg som trudde fylkeskommunen berre drev med boooring ting!

Fylkeskommunen er og involvert i det siste eg gjer denne dagen. Klima og miljø utfordringane er noko som engasjerar meg, så mens eg ventar på bussen heim dreg eg i ein paneldebatt på biblioteket. I panelet sitter det ein dame frå fylkeskommunen som arbeider med klimaplan. Kven skulle trudd at fylkeskommunen faktisk er opptatt av klima? Kvart år arrangerer dei Klimameisterskap for oss ungdommar. Når debatten er ferdig tar eg bussen til fylkeskommunen heimatt.

Hadde eg visst meir, kunne eg ha bestemt meir!

Då eg var 17 år var eg ikkje klar over at fylkeskommunen var ansvarlig for nesten alt eg gjorde i løpet av ein dag. Det hadde vore kult å vite litt om dei som bestemte over så mykje i livet mitt. Og ikkje berre hadde det vore kult, då kunne eg faktisk ha vore med på å påverke dei vala som vart tatt.

Er du ung i dag kan du få si di meining og vere med på å påverke kva politikarane bestemmer. Synast du busstilbodet er for dårlig, si ifrå om det! Du kan engasjere deg i ungdomsrådet eller stemme ved skulevalet. Kanskje du likar å skrive og har lyst til å få menginga di i lokalavisa? Gjær det. Eller så kan du si ifrå rett til meg og fylkeskommunen. Du trengjer ikkje å vente til du er 18 år og kan stemme ved valet. Du har mange muligheiter til å engasjere deg allereie nå.

Har du lyst til å lære meir om fylkeskommunen? Gå inn på www.vtfylke.no

Fylkeskommunen påverkar liva dykkar, så bli med på å påverka vala fylkeskommunen tar!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags