Gratis skulemat for ALLE

Torunn Hovde Kaasa, 3. kandidat Vestfold og Telemark SV

Torunn Hovde Kaasa, 3. kandidat Vestfold og Telemark SV Foto:

Av
DEL

LeserbrevSV vil at alle elevar, uavhengig av foreldra sin økonomi og evne til oppfølging, får eit godt utgangspunkt for læring og meistring, og at vi som skuleeigarar tar ansvar for det. SV meiner også at universelle ordningar fungerar best for å løyse utfordringar knytt til folkehelse og sosial ulikskap. Vi har støtte i folkehelseforskninga for dette. Eit sunt gratis skulemåltid er ei billig investering.

Gratis felles måltid sikrar i større grad sosialt fellesskap rundt matbordet for alle. Forskning viser at eit fellesmåltid i løpet av skoledagen har positiv effekt på læring, kosthald og miljø for elevane. Forskning viser også at når foreldre må betale, er det fleire som ikkje nyttar seg av tilbodet, og dessverre går det i størst grad utover barn frå familiar med dårleg økonomi og sosiale utfordringar.

I Telemark får alle elevane i vidaregåande skule tilbod om eit gratis rimeleg, sunt måltid kvar dag. Dette vil SV vidareføre i nye Vestfold og Telemark fylke.


 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags