Til deg som set kaffen i halsen: Ta det roleg

Hannemor Skøyen Grue.

Hannemor Skøyen Grue. Foto:

Av

Fylkesmannen i Vestfold/Telemark vil ha fritak frå lova som seier at fylkesmannsembetet skal fylgje målforma til fleirtalet av kommunane.

DEL

MeningerNår regjeringa på død og liv ville slå saman to fylke, får ho også ta følgjene av det: Sjølvsagd vert den offisielle målforma nynorsk når eit stort fylke som Telemark er med som den eine parten  i «ekteskapet». Det ville vere heilt feil med eit fritak her.

LES OGSÅ: Vestfold slipper ikke unna nynorsk-tvang (+)

Eg ser også at over 3.000 vestfoldingar har valt nynorsk skattemelding (16.500 i Telemark), og det er eit teikn på sunt vett, levande dialektbruk og kunnskap om språkhistoria vår – for nynorsk stammar frå det eigentlege norske språket. Bokmål er norsk nok, det også, men kryr av tyske og danske «an-be-het-else»-ord.

Følg den gode språklova heilt ut, og la Fylkesmannen i Telemark/Vestfold bruke nynorsk. (Til deg som set kaffen i halsen: Ta det roleg – dersom du skulle skrive eit brev på bokmål til Fylkesmannen, får du svar på same målform.)

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags