Saftfabrikken økte salget i Vestfold da de lagde etikettene på nynorsk

Dag Aanderaa

Dag Aanderaa Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det er nyttig med nynorsk.

DEL

LeserbrevSom tidlegare nøtlending, men no telemarking, kan det vera høveleg å engasjere seg i det som skjer i Vestfold og Telemark. Det kan også hende at vestfoldingar vil ha eit språkleg utbytte av å møte nynorsk, sidan Fylkesmannen skal skrive meir på den målforma som er dominarande i nokre kommunar. Sjølv om det ikkje er mange meldingar frå Fylkesmannen som blir lesne av folk flest. Bokmålsbrukarar som skriv brev til Fylkesmannen vil nemleg få svar på bokmål.
 

Rett nok er det nok for seint å tru at nynorsk kan bli hovudmålet i Noreg. Men det er ein identitetsmarkør! Når ein les nynorsk, vil mange knyte det opp mot ein avsendar med høg kulturell kapital. Det forstod saftfabrikken Lerum i Sogndal. Dei var i krise, men så kom reklamebyrået deira med framlegg om å bruke nynorsk på etikettar og i marknadsføring. For nokre år sidan møtte eg salsrepresentanten for Lerum i Vestfold, og han kunne fortelje at salet hadde auka i Vestfold etter omlegginga!

Det viktigaste er likevel at alle bør vera kjende med kva som er typisk norsk og vårt språklege sjølvstende. Såleis bør alle gle seg over at norsk veremåte og kultur er knytta opp mot eit språk som avspeglar norsk kulturhistorie. Det er ei vesentleg side når vi no skal stå imot presset frå innvandrarkulturar.

Truleg er dei tilsette hjå Fylkesmannen ikkje så negative til å skrive nynorsk. Dei fleste har artium, og såleis kan dei språket. Gjennom nynorsk får dei også høve til å øve seg i å skrive eit betre bokmål. Fylkesmannens landbruksavdeling kan t.d. skrive på bokmål: «På grunn av stoffets høye giftighet, må det utvises varsomhet ved sprøyting». På nynorsk kan dei skrive: «Stoffet er giftig, så ver varsam når du sprøyter». Er det rart at språkfagfolk tilrår at alt blir skrive på nynorsk og deretter omsett til bokmål. Då blir det mindre byråkratisk og lettare å lesa.

Så: Er det eigenleg noko problem at Fylkesmannen skriv ein del på nynorsk?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags