Sidemålsundervising er ein styrke!

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevEg las nyleg eit lesarbrev der Stian Sommerstad frå Framstegspartiet i Tønsberg stilte spørsmål ved sidemålsundervisinga i den vidaregåande skulen. Sommerstad spør om kvifor vi skal «lære ungdommer å bruke vårt andre skriftmål, når nynorsk er noe vi som regel aldri kommer til å skrive?» Eg meiner det er tre gode grunner til å gjere dette.

For det første er det, som Sommerstad nemnde i innlegget sitt, viktig å behalde norsk språkmangfald. Nynorsk er, i motsetning til bokmål, bygga på ei mengd norske dialektar, og ved å slå ring om nynorsk som målform vil ein òg bevare språkmangfaldet.

BAKGRUNN: Nynorsk er et unødvendig eventyr

For det andre aukar det språkforståinga. Forsking viser på at dess fleire språk ein lærar, dess betre blir ein i morsmålet sitt. Faktisk er den norske fleirspråkssituasjonen eit «gode for allmenn språklæring» i følge Europarådet.

For det tredje er det viktig å kunne forstå dine medborgarar. Dette gjeld sjølvsagt òg dei rundt 500 000 av oss som skriv nynorsk. Om ein ikkje lærer sidemålet sitt ordentleg på skulen, får ein sjølvsagt mykje dårlegare leseforståing!

Eg skriv nynorsk, og har gjort det heile livet mitt, ettersom eg gjekk på grunnskule i ein nynorskkommune på Vestlandet. Når eg seinare flytta til Tønsberg og skulle byrje på vidaregåande, kom eg fram til at det hadde vore veldig unaturleg om eg skulle skifte hovudmål til ein målform eg nesten ikkje hadde fått opplæring i, nemleg bokmål. Og for at eg skal forstå deg, og du skal forstå meg, er vi avhengige av god undervising på skulen, sjølv om den gjennomsnittlege vestfolding kanskje ikkje skriv eit ord nynorsk etter VG3.

Eit anna argument Sommerstad kjem med er at «nynorsk står i veien for mange til å kunne komme inn på et studie eller ikke.» Det er svært lite som tyder på dette. Statistikk frå Utdanningsdirektoratet viser at elevar får nesten like høge karakterar i sidemål som dei gjer i hovudmål. Det er fag som matematikk og kroppsøving som «øydelegg» vitnemåla til dei fleste, men det er svært få som argumenterer for å fjerne matematikk frå pensum på vidaregåande likevel.

Løysinga til Sommerstad er, slik eg forstod han, å avvikle eksamen i sidemål, og heller bruke tida på engelskundervising. Eg meiner dette er å starte i heilt feil ende! Om det er noko ein er dårleg på, så må ein bruke meir tid på det. Difor meiner eg vi må gje elevane eksponering til begge målformar frå dei byrjar på skulen, og byrje med sidemålsundervising på barneskulen. Då kan ein snu sidemålsopplæringa frå å vere noko elevane fryktar og mislikar, til å bli den styrken det kan vere for den allmenne språkforståinga.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags