Politikere som kjøper seg Smørbergbru med våre skattepenger

Av
DEL

LeserbrevDet har vore fascinerande for oss på Ramberg og Smørberg å følgje prosessen fram til den «endelege» beslutninga om fastlandsforbindelsen Nøtterøy-Tønsberg. Eg meiner det må stillast store spørsmålstegn ved prosessane i dei politiske fora som til slutt banka dette igjennom.

Utgangspunktet: kommunestyret både på Nøtterøy og i Tønsberg beslutta nemleg at det ikkje var bru frå Ramberg over til Smørberg som skulle byggjast. Lokaldemokratiet fekk bestemme- trudde vi…
Men: så intervenerte fylkeskommunen i jula 2018, ved at representantane i det forum gjekk imot sine to kvalifiserte kommunestyrer og ville ha Smørberg-bru. I såkalt «megling» trylla fylkeskommunen fram 300 mill. kroner til «avbøtande tiltak» som kommunane skulle få, viss dei skifta meining. Og stikk i strid med det vi trudde våre kommunestyre-representantar skulle stå for, tok dei imot «bestikkelsen» frå fylkeskommunen og skifta meining!

I næringslivet ville dette rett og slett bli omtalt som «smøring».

Og det absurde er at pengane som blei brukt kjem frå den same felleskassa; nemleg våre skattepengar. At det er «penga’ som rår» har vi erfart mange gonger i politikken, men når våre felles pengar blir brukt som glidemiddel for å utøve dette maktmisbruket, må vi som veljarar seie frå. Kva kunne dei 300 millionane blitt brukt til, forresten…? Kanskje bidra til betre skolevesen, helsevesen eller rett og slett utbetring av fylkesvegane i Vestfold?

Lang bru eller kort bru?

Skal det etablerast eit samband mellom ei øy og eit fastland tilseier all fornuft at ein først ser på kryssinga der avstanden mellom øya og fastlandet er kortast. Akkurat der ligg kanalbrua, naturlegvis! Noverande bru er tilårskommen og treng fornying, spesielt av sikkerheitsmessige årsaker. Eit parallelt løp med to filer i kvar retning + sykkelsti er jo det heilt naturlege valget. Og i bakkant ligg ein flunka ny tunnell gjennom Frodeåsen, som kan ta imot trafikken og få den delen som skal ut på E18 raskt avgårde. Og prisen på ei slik ny kanalbru blir truleg mindre enn dei 300 mill (som nå etter det eg les i avisa er auka til 500 mill!) som fylkeskommunen vil skjenke til avbøtande tiltak.

Det beste avbøtande tiltaket for Smørberg-kryssinga er å ikkje byggje den.

Når det gjeld heile fastlands-problematikken meiner eg det er all mulig grunn til å løfte blikket og realitets-orientere seg mot det som møter oss i åra framover. Mindre trafikkvekst og fokus på miljø. Dessverre har det gått prestisje i denne saka for mange av våre folkevalde, og då blir det viktigare å «få sin vilje», istadenfor å fatte dei rette beslutningane. Men eg håper vi har lokale politikarar som har vilje og ryggrad til å stå opp for det som er rett, og ikkje legge seg på rygg for dei som pressar på: «nå må vi få bygd den brua».

Krype for departementet?

Foreløpig siste episode i tragedien (eller komedien) er at Regjeringa har vedteke at maks 20% av rekninga skal betalast av bilistane (bompengar), og at kommunen dermed må ut med 900 ekstra millionar. Nå skal lokal-politikarane møte departementet for å be om «amnesti» på dette punkt. I den forbindelsen ber eg innstendig om at våre lokale folkevalde står imot presset som kan komme: «dere slipper å betale de 900 millionene hvis dere slutter å opponere mot Smørberg-traseen»… Ta heller den logiske, opplagte og riktige beslutninga: bygg parallell kanalbru. La det for ein gongs skuld vere hold i begrepet «lokalt sjølstyre».

Siste prognose for framdrift tilseier for øvrig at bygging av brua ikkje er ferdig før 2030 likevel, og då er eg sikker på at «Nye kanalbrua» kan stå ferdig fleire år tidlegare. Motstandarane påstår sjølsagt det motsatte.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags