Kostbar utskriving frå Sjukehuset Vestfold Tønsberg

Tønsberg Taxi. Foto: Harald Strømnæs

Tønsberg Taxi. Foto: Harald Strømnæs Foto:

Av

Eit råd til dei som blir innlagt ved Sjukehuset Vestfold Tønsberg: Sørg for å ha ordna heimreise før innleggelse.

DEL

LeserbrevUnder varmeperioden sist i juli kjente eg meg tufs og fekk time hos fastlegen i Bø. Eg hadde smerter i høgre bein og, etter midt nivå, svært høgt blodtrykk. Vikar for fastlegen synst dette var så alvorleg at han, etter avtale, sendte meg med drosje til Sjukehuset Vestfold Tønsberg.

Eg kom til Tønsberg kl. 14. Her blei eg innlagt på akuttmottaket. Blodtrykket var så høgt at dei bytte blodtrykksmåler for å vera sikre. Eg blei undersøkt av fleire legar utover dagen, dei fant ikkje noko spesielt. Men dei snakka om fleire undersøkingar dagen etter.
Eg fekk ei seng, og det var godt å slappe av. Klokka 18 fekk eg besøk av ein sjukepassar og ein lege. Sjukepassaren sa at eg fekk besøk av dotter mi, legen at eg var utskriven.

Dotter mi kom, ho hadde det travelt, var på gjennomreise saman med resten av familien frå Gardemoen til Kristiansand, etter ferie i Spania. Før dei reiste spurte eg i resepsjonen når drosja mi kom.
Svaret var at det ikkje var bestilt drosje, dei regna med at familien fekk meg heim. Kjøretid Tønsberg – Børte er 1 time og 50 minutter, Børte – Kristiansand er ca. 4 timer. Dotter mi er snill, men dette synest eg var mykje forlanga.
Eg er liten og tynn. Nå kjente eg meg som ein verdilaus beinhaug som det gjaldt å bli kvitt fortast råd på billigaste måte. Eg er 87 år og ser og hører dårleg. Nå blei eg sinna, så diskusjonen med resepsjonen blei temmeleg oppheta i starten. Heldigvis overlet eg snart til dotter mi, som er sjukesøster, å føre mi sak.

Dotter mi kjenner meg, og ho synst eg såg elendig ut, sjølv om eg spøka og tøysa litt. Ho foreslo at eg skulle få vera på sjukehuset til dagen etter. Da kunne dei gjera fleire undersøkingar og sende meg med helseekspressen til Skien, derifrå med samledrosje heim. Men ho møtte veggen.

Da forlanga ho ny blodtrykksmåling, den visa 210 og 218. Noko som er svært høgt for meg. Dette hjølpte ikkje. Eg skulle ut. Dotter mi forlanga så blodtrykknedsettande behandling, og fekk ei skikkeleg dose. Ho fekk til og med låne telefon og ringe etter drosje for meg.
Imens gjekk tida. Drosja kom kl. 23, så heimturen gjekk med 40% nattillegg. Eg kom heim klokka 1:00. Turen kosta meg 3501,- kroner. Det hadde vore forståeleg om det var fullt på mottaket, men denne kvelden var det heilt stille og få pasientar.

I ettertid har eg klaga på utskrivinga, og forlanga refusjon av drosjeregninga. Utan å få svar. Derfor denne epistelen.
Gjennom eit langt liv har eg blitt utskriven frå mange sjukehus. Alltid har gratis heimreise vore ordna på forehånd. I Tønsberg var det bare utskriving. Eg trudde og når ein var sendt på sjukehus av lege så følgde gratis heimreise med.
Tilslutt eit råd til dei som blir innlagt ved Sjukehuset Vestfold Tønsberg: Sørg for å ha ordna heimreise før innleggelse. Her blir ein skriven ut på eiga regning til alle døgnets tider.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags