Rørt til tårer av denne lappen

Denne lappen fann Arve Helle på bilen sin etter arbeid. I tillegg hadde den uheldige bilføraren som hadde ripa opp bilen, sett seg inn på ein kafé for å vente på at Helle kom frå jobb for å fortelje han om skaden.

Denne lappen fann Arve Helle på bilen sin etter arbeid. I tillegg hadde den uheldige bilføraren som hadde ripa opp bilen, sett seg inn på ein kafé for å vente på at Helle kom frå jobb for å fortelje han om skaden. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Den uheldige sjåføren hadde heller ikke samvittighet til å reise før bileieren kom tilbake.

DEL

(Siste) [Firda]  At bilar vert bulka medan dei står parkerte, og at syndarane forsvinn som dogg for sola, har vore ei utfordring mange plassar. Difor var Arve Helle nesten rørt til tårar då han opplevde det motsette i Førde sentrum onsdag ettermiddag.

– Eg kom ut frå jobb som vanleg og gjekk bort til bilen min som stod parkert utanfor. Då såg eg denne lappen som hang på ruta. Der stod det at bilen var bulka borti, og telefonnummeret på vedkommande som hadde vore uheldig, stod på lappen. Og i det eg hadde sett på den vesle skaden, så kom det plutseleg ein godt vaksen kar småspringande bort til meg. Han hadde sett seg inn på kafeen Venezia for å vente på meg, seier Arve Helle om hendinga etter jobb, til Firda.

Liten skade

Dei to hadde ein hyggeleg prat etter hendinga, og vart samde i at Helle skulle køyre bilen til verkstad i Dale for å sjekke skaden.

– Det er berre heilt fantastisk å oppleve slikt. Karen i 80-åra frå Førde hadde ikkje samvit til å reise frå plassen, og ville ordne opp for seg med ein gong. Eit fantastisk godt døme på at det finst ærlege sjeler i området. Vi har tidlegare sett at mange har opplevd det motsette. Då er det flott å kunne vise til slike positive hendingar, seier Helle.

Etter hendinga køyrde Helle bilen til verkstad i Dale, og opprettaren fastslo at dette ikkje ville vere nokon stor kostnad.

– Det var ikkje noko bulk, men berre ei ripe som han lett kunne fikse med å lakke om igjen. Og med tanke på det, så er det ekstra flott at den eldre karen var så samvitsfull. Det er slikt som varmar, seier Arve Helle.

Positiv respons

Han la deretter opplevinga si ut på Facebook, og fekk raskt mange positive reaksjonar.

– Eg veit ikkje om eg har opplevd maken til respons tidlegare. Over 50 likes på sju minutt, og framleis tikkar det inn heile tida. Det viser seg at ærlege sjeler vert sett pris på, seier Arve Helle. (ANB)

Artikkeltags