For ho forsvarar leiinga i BCC etter prinsippet om at åtak er det beste forsvar - med insinueringar og tåkelegging på amerikansk vis.

Om eg var i tvil før dagens kommentar frå Hustad Nilsen, så er eg det ikkje nå. For sjølvsagt er det eit kjempeproblem at ein organisasjon som i stor grad driv verksemd på innsamla gåver, ikkje har ein 100 prosent transparent rekneskap.

LES OGSÅ: Hvorfor er det så vanskelig for en avis fra lille Vestfold å forstå BCC?

Vi har fleire store misjonsselskap i Noreg, med hovudkontor i Noreg og som driv verksemd i mange andre land. Alle har heilt gjennomsiktlege rekneskaper, revidert av ordentlige revisorar og lagt fram på årsmøta i organisasjonane. Og ingen av dei har stråselskap og kontoar på Cayman Island. Det er mogeleg at andre kristelege organisasjonar i USA eller Storbritannia er like ugjennomsiktlege som BCC, men slik skal det ikkje vere -- og det treng slett ikkje vere det.

LES OGSÅ: Hvorfor må en menighet fra lille Vestfold i det hele tatt sette opp en selskapsstruktur i skatteparadiser?

Kursendring?

Eg har òg merka meg at BCC er observatør i Noregs kristne råd -- og etter alt å døme vil søke om medlemskap, kanskje alt til neste år. Det kan sjå ut som at det er ein kursendring på gang. Med det faktum at leiinga i BCC stort sett er uendra og med dagens kronikk frå Hustad Nilsen, ser det ikkje lovande ut. Eg vart lei meg. Og det styrker dessverre den noko konspiratoriske teorien om at det er meir kommersielle omsyn enn åndelege omsyn som ligg bak tilnærminga til Noregs kristne råd.

LES OGSÅ: Til deg som lever i en lukket menighet

Eg håper fortsatt på at endringane vil bli reelle, og at eg og andre konspirasjonsteoretikarar tek feil. I mellomtida vil eg heie på Tønsbergs Blad som ikkje let dei usunne økonomiske tilhøva i BCC gå i gløymeboka. Leiinga i BCC må ta denne kritikken til følge og endre policyen. Det skuldar dei mest av alt tusenvis av trufaste gjevarar og dugnadsarbeiderar i eigne rekker.

Eg forstår at det ennå ikkje er ein kultur i BCC der medlemmene krev fullt innsyn, men BCC gjer lurt i å kome slike krav i forkjøpet. Så Tønsbergs Blad: Hald fram med å skrive kritisk - og spar heller ikkje oss kristelege - for all erfaring viser at vi er truande til litt av kvart.