Den vidaregåande skulen er ein stad for å lære. Det er ein stad kor vi skal tilegne oss kunnskap som vi kan få bruk vidare i livet. Difor er det viktig at den kunnskapen vi får, er relevant og god kunnskap.

Til dømes er nynorsk eit språk og eit fag som er viktig for den norske kulturen, og som fortel mykje om kva slags menneske vi er.

Nynorsk er eit fantastisk fint språk, det er unikt, spesielt og vårt! Og i desse dager er svært mange elevar her på Austlandet oppe i sidemålseksamen. Det betyr for dei aller fleste at dei skal skrive to tekstar på nynorsk, og dei skal vere like bra som tekstane dei skriv på bokmål. Det er for svært mange ei umogleg oppgåve. Altfor mange, også elevar som elles har gode karakterar, får karakteren 2, eller jamvel 1(stryk). Noko må gjerast med dette!

Det eg trur øydelegg mykje for nynorsk er det at vi får karakter og skal ha eksamen i det. Kva om vi ikkje fekk eksamen og karakter, men heller hadde det som eit delkapittel i norskfaget? Vil elevane vore meir positive til det?

Eg trur verkeleg at det ville gi nynorsk som eit fag på skulen ei mykje lysare framtid. For slik som det er no, er det svært få av dei som har bokmål som hovudmål som likar nynorsk.

Det er så utruleg synd, for det er eit slik vakkert og spennande språk!

Ved å ikkje ha karakterar så trur eg elevane vil gi det ein betre sjanse enn dei elles gjer, fordi det har eit slikt dårleg rykte. Kva med dei som brukar nynorsk aktivt i skulen frå første klasse? Dei kan vel få lov til å bruka det så mykje dei vil, kan også få bruke det på eksamen. For spør du meg, så tykkjer eg at vi berre burde ha ein norskeksamen, og at den kan ein få skrive på kva målform ein vil.

LES OGSÅ: Kvifor er vi villige til å la nynorsk øydelegge for norskelevar?

Eg personleg er glad i både bokmål og nynorsk, men det som gjer at eg ikkje likar nynorsk er det at eg slit litt med å skriva stilar og artiklar på bokmål.

Det at eg no i tillegg må skrive på nynorsk gjer ikkje akkurat saka så mykje betre. Eg bannar og eg slit, uansett korleis eg prøvar å løyse oppgåvene, om det er å skrive stilar kor eg leitar opp alle orda, eller om eg ikkje leitar opp eit einaste eitt, så er resultatet det same.

Nynorsk skapar dessverre mykje meir tårar og slit enn nødvendig.

Det riv ned snitt som elles er veldig bra, mellom anna fordi elevane har fått mangelfull opplæring tidlegare. For å berre skrive av og bøye alle verb er ikkje ein god måte å lære eit språk på.

Eg hadde nok ikkje klart å lære tysk om det var metoden som hadde blitt brukt. Nei, vi hadde skodespel, song, såg på film, las, skreiv, spelte spel og gjorde oppgåver.

Så ja, eg forstår verkeleg frustrasjonen til skuleelevar frå her på Austlandet. Det er ikkje rart at så mange slit med det, når ein har fått mangelfull opplæring og har eigentleg ganske nok med å beherske bokmål.

Helsing ei fortvila nynorsk-likar frå Austlandet

Flere saker fra UREDigert:

Hei. Vi er 9A på Kongseik ungdomsskole. Vi er kristne, humanister og muslimer.
– Religionsfrihet er i aller høyeste grad aktuelt for sjuåringer, det samme er likestilling, kjønn og seksualitet.
– Vi trenger unge politikere

Har du noe på hjertet? Send inn ditt innlegg her