Gå til sidens hovedinnhold

Kvifor er vi villige til å la nynorsk øydelegge for norskelevar?

Artikkelen er over 6 år gammel

Nynorsk stel viktig tid frå norskfaget, og gjer at norskelevar stillar svakare i konkurranse med det globale verdsamfunnet.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Anne Line Nilsson er medlem av Tønsberg Ungdomsråd og er aktiv i elevrådet ved Granly skole.

Medan skuleelevar i utlandet lærer seg å debattere, skrive søknadar og artiklar, puggar norske elevar nynorske verb. Det gjer eit svert negativt utslag på konkurranseevna til norske elevar. Det seier seg sjølv.

For det andre går all den tida vi nytter til å lære oss nynorsk grammatikk og skrivemåte ut over bokmålkunnskapane våre. Kva trur du skjer når ein liten gut som er usikker på korleis han skriv til døme ordet forskjellig skal lære seg å nytte nynorsk? Jo, han begynner å blande målformene samen, og språket hans blir ein einaste stor røre.

Eg trur at dette kan føre til at fleire får språkvanskar. Det er ikkje heldig og eg trur ikkje det er slik vi ønskjer å ha det. Men det er slik det er i dag.

På den andre sida seier Nynorskelskar i innlegget «Ja til nynorsk» i addressa.no 08.11.2013 at nynorsk er krevjande for norskeskuleelvevar fordi dei ikkje tar til å lære nynorsk før dei begynner på ungdomsskulen.

LES OGSÅ: Unge tønsbergensere, dette er vår sjanse!

Forfattarens forslag er å gå i gang med å lære nynorsk allereie i femte klasse. Frå mitt ståsted ser det ut til at dette berre hadde gjort at elevane fekk større vanskar med å holde målformene avskilt. På det trinnent i opplæringa da kunnskapane dine enda er svake blir nynorsken berre forvirrande.

Nei, ta nå ein ting av gongen seier no eg!

Forfattaren av innlegget seier dessutan at ho meiner det er ikkje er rettferdig å kutte ned på nynorsken ovanfor dei 13% av den norske befolkninga som nyttar nynorsk som sin hovudmålform. Ho nemner likledes at desse folka nyttar bokmål kvar dag.

Skal vi begynne å tenkje på desse 13% må alle i Oslo lært seg Arabisk så minoritetane ikkje skal føle seg urettferdig behandla. Attpå forstår vi kva som står skrive, det er ikkje noko problem.

På den andre handa ser eg at det er nokre offentlege etatar som skriv brev på nynorsk, og eg forstår at det er naturleg å svare desse breva på målforma. Likevel meiner eg at dette er noko forbaska tull.

Skal etatane skrive på nynorsk berre for at folk skal bruke mykje tid og sitje å streve med å svare med eit språk dei har gløymt, etter at dei lærte grammatikken for førti år sidan?

Samtidig ser eg at nynorsk er ein sentral del av kulturarven vår, fordi nynorsk er sjølve kremen av norske dialekter. Derfor meiner eg at det er vesentlig at vi hald fram med å lese nynorsk litteratur som ein del av norskfaget, men at vi avviklar grammatikk delen av nynorskfaget.

Eg veit at det er menneska ute i det norske land som ønskjer å pugge denne grammatikken, og eg synes dei bør få mogligheita til det.  Derfor er mitt forslag at vi innfører nynorsk grammatikk og skrivemåte som eit valfag i skulen.

Slik sender du inn DIN mening 

Kommentarer til denne saken

Kommentarfeltet er stengt. Det åpner igjen klokken 07:00.