Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Fleire blir påvist smitta i fylket, og det blir gradvis meir smitte òg blant dei meir vaksne. Råda frå styresmaktene vert strengare, og vi som folk kjenner igjen meir på alle dei avgrensingane som gjer kvardagen mindre innhaldsrik.
Det er óg haust og det vert mørkare. Vi hos oss er trøtte av alt arbeidet som kjem med koronaen, og dykk som folk er kanskje trøytte av å heile tida måtte ta omsyn til ein usynleg trussel som vanskeleggjer kvardagslivet. Det er berre viruset sjølv som ikkje vert trøytt. Viruset er eit onde som ser ut til å trivast betre jo mørkare det blir. Korleis skal vi klare å halde lys i mørketida i år?
For dei fleste er lyset i kvardagen dei menneska ein møter. No blir vi bedne om å møte færre menneske i løpet av ei veke. Då er det kanskje lurt å passe på at det er dei rette menneska ein treff. Dei som gjev deg god energi, og trua på framtida. Det kan òg skape mykje lys for ein sjølv om ein veit at ein skapar lys for dei som treng det ekstra. Gløym ikkje dei som er einsame no. Dei som var einsame før koronaen kom, er kanskje verre stilt no enn då. Det varmar godt å vere eit godt medmenneske.
LES OGSÅ: Er det berre stille no, eller er det stille før stormen?
Medmenneske
Smittesporarane og kommuneoverlegane treng òg å møte på deg som medmenneske. Det er ei vanskeleg rolle dei skal fylle, og vanskelege beskjedar dei skal gje. Om dei stadig treffer på sinte menneske som ikkje liker at dei må i karantene, eller dei som er sinte for at stolane må stå minst ein meter frå kvarandre i restauranten, så vil dei bli trøytte fortare. Vi treng at dei ikkje blir trøytte. Så då er det kanskje best om vi prøver å spele på lag med dei.
No er det paradoksalt nok slik at vi må vere saman med færre, for å seinare kunne vere saman med fleire. Det er blant anna jula vi kjempar for no. For vi ynskjer at folk skal kunne feire jul med sine kjære og nære i år òg. Då er det fint om alle er friske, og fint om vi slepp strenge tiltak som gjer at folk ikkje får lov til å kome på besøk. Også er det ekstra fint om bestemor, som er i risikogruppa for alvorleg sjukdom, kan kome på julebesøk utan at det er farleg og utan at ho må føle på frykta for å bli sjuk.
LES OGSÅ: Esso-raffineriet gjør alt de kan for å hindre smitte: – Vi må sikre at vi har en stabil drift
Nok ein gong er det deg og meg som tek avgjerda om korleis dette her skal gå. Nok ein gong er det ei oppgåve som vi berre vil klare å løyse om vi alle saman dreg litt, og at vi dreg i den same retninga. Det kostar oss litt kvar dag å gjere det slik. Det kostar både oss og dei ein har lyst til å treffe, at ein lar vere å møtast. Det er vondt. Men den her gongen er det vondt som må til for å fordrive det som er vondare. Det er ikkje så mange andre løysingar enno.
LES OGSÅ: I år får ikke barna sitte på fanget til julenissen
Felles innsats
Ikkje alle er like glade i ordet dugnad lenger. Det er kanskje fordi ein tenkjer på ordet dugnad som gratis arbeid. Og kanskje kjenner ein at ein allereie har gjort så mykje. Skal det aldri ta slutt med den her forventinga om å gje utan å få?
Ei liketyding til ordet dugnad er «fellesinnsats». Kanskje er det eit betre omgrep for korleis me skal sjå på kampen mot koronaviruset. For den er felles, og den krev utan tvil innsats. Dessutan kan vi få mykje om vi bidreg til kampen. Vi kan få betre framtidsutsikter, og betre helse. Om ikkje anna kan vi unngå at vi taper store menneskelege og økonomiske verdiar.
LES OGSÅ: Dette huset vekket oppsikt i nabolaget: – Vi ville gjøre noe hyggelig for barna
For om vi gjer dette her saman og vi gjer ein felles innsats der alle bidreg med det dei kan, så vil kanskje ikkje smittesporarane verte for trøytte. Då vil dei kanskje ikkje miste kontroll over smitta, og dei vidare smitteverntiltaka treng kanskje ikkje verte så strenge. Då går det kanskje betre både med helsa til folk og for dei som no fryktar for bedrifta si eller for arbeidsplassen sin.
Så kan vi kanskje møte dei kjære og nære rundt julemiddagen og, for ei kort stund og med ein meters avstand, la korona vere korona.